Sundag 20. august startar Yngres opp igjen etter sommarferien. Det blir på bedehuset klokka 19. Alle frå femte klasse og oppover kan gå på Yngres, me håpar å sjå fleire nye ansikt, velkommen til alle!
På første Yngres-møtet i haust blir det andakt av Anne Kristine Rosberg og servering av ispinnar. Husk mobilnummer til registrering slik at du får melding når det er Yngres. Det er mykje spennande på programmet i haust. Berre sjå her:
- søn. 20. aug. kl. 19:00: Oppstartsmøte, andakt av Anne Kristine Rosberg, me kosar oss med ispinnar.
- søn. 3. sep. kl. 18:00: Fisking på moloen. Andakt av Jan Inge Suggelia. Ta med fiskestang og redningsvest.
- søn. 17. sep. kl. 19:00: Andakt av Asbjørn Sevland. Det blir også kahoot.
- søn. 1. okt. kl. 18.30: Filmkveld med popcorn.
- søn. 15. okt. kl. 19:00: Høst-takkefest. Andakt av Olaf Hansen.
- søn. 29. okt. kl. 18:00: Bibelsmugling oppmøte ved saniteten. Wienerpølser og kakao på Sørbø. Andakt av Inger Marie Brekkå.
- søn. 12. nov. kl. 19:00: Andakt av Hanne Reinlund Sæther. Me får også besøk av ungdomsforeningen.
- søn. 26. nov. kl. 19:00: Førjulsavslutning med graut. Andakt av Ivan Underhaug.